Nyheter
Ekstra langrenn 20.02
Her finn du resultata frå langrennet 20.02.
20 deltakarar trossa vèr og vind, og stilte på startstreken!
Dette var siste rennet for denne sesongen. Men kjem attende med meir informasjon om bygdestafetten og premieutdeling.
Les mer...Skokveld på Intersport Evje!
Torsdag 23.februar blir det skokveld på Intersport Evje kl.17.30.
Sjå meir info her om Intersport skokveld!
Intersport ynskjer alle velkomen til ein god handel!
Les mer...Kurs i Pilates:
Det blir arrangert kurs i Pilates for trenarar og instruktørar i Åseral idrettslag:
Torsdagane 23. februar, 8. mars og 22. mars - kl. 18:30 - kl. 20:30,
gamle gymsalen, fleirbrukshuset.
Det er plass til 10 - 12 kursdeltakarar, så her er det første mann til mølla! Kursavgifta dekkes av idrettslaget. Instruktør er Nina Ludwig.
Påmelding til Janne, tlf. 977 38 848
Klubbmeisterskap
Måndag 13.02 var det klubbmeisterskap, og denne gongen var det rekordmange deltakarar på startstreken!
Både store og små hadde funne veien til ljosløypa denne flotte vinterkvelden.
Me køyrer på med eit ekstra renn neste måndag! Tider vil bli tatt, men dette rennet vil ikkje inngå i "telenorkarusellen".
Me kjem attende til dato på premieutdeling. Dette blir truleg etter bygdestafetten.
Les mer...Langrenn 06.02
Resultat og deltakarar frå langrennet 06.02, finn du her!
Dette løpet gjekk i fri-teknikk, og heile 54 stykk hadde fått på seg skia denne måndagen!
Neste gong er det klubbmeisterskap. Vel møtt!
Les mer...
Langrenn 23.01
Måndag 23.01 var det klart for sessongens tredje karusellrenn.
Etter helgas snøfall var forholda i ljosløypa heilt topp! Omtrent 60 deltakarar hadde teke på seg skia denne kvelden. Vel møtt òg neste måndag til same tid!
Her finn du namn på deltakarar og resultat!
Les mer...Karusellrenn på Bortelid - 16.01.2012
Karusellrenn 16.01.2012:
Obs....obs...
Grunnet snømangel i ljosløypa er karusellrennet 16. januar flytta til Bortelid. Påmelding frå kl. 17:30.
Flotte løyper!
Årets fyrste langrenn - 09.01.2012
Årets fyrste langrenn gjekk av stabelen måndag 09.01!I alt var det omtrent 50 deltakarar på startstreken. Me vonar fleire både unge og gamle åsdøler tek på seg skia neste måndag klokka 18. Vel møtt!
Her er resultatet frå kveldens renn.
Les mer...
